Kjære publikum og alle som har gruppetimar i Førde Terapibasseng .

Legger ut eit skriv , slik at aller ser kva for reglar som gjeld i fht. publikum og halvårskort / grupper, når vi omsider opnar igjen.

(klikk på bilde for å få forstørring)

Ellers håpar vi at alle har det bra og er friske og raske. 😘🙏 Ta ekstra godt vare på kvarandre i denne spesielle situasjonen vi alle er i no. Og følg ellers myndigheitene sine anbefalingar ang covid-19 viruset.

Med vennleg helsing alle i Førde Terapibasseng

VI VANN!!!

 

I kveld var vi 2 representantar frå terapibassenget i Førde invitert til konserten « hjertebank for Sunnfjord» i Førdehuset, arrangert av Sparebanken Vest.

Overskotet til Sparebanken Vest blir brukt til å finansiere initiativ som gjer lokalmiljøa våre levande, inkluderande og inspirerande. Med seg i gåvesekken i kveld hadde Sparebanken Vest med seg 1 Million kr. Basert på søknaden til Førde terapibasseng ønska juryen å tildele oss 150.000 kr.

Her kan du lese meir om søknaden og om prosjektet hjartebank. https://spvhjertebank.no/soknad/stiftinga-forde-terapibasseng/

Vi er utruleg ydmyke og takksame for denne gåva frå Sparebanken Vest.  Den vil komme alle brukarane av vårt fantastiske terapibasseng til gode.

 

Gina Ness Hallset og Jorunn Eide Kirketeig

VI TRENG FLEIRE BADEVAKTER

 

Vi i Terapibassenget har eit stort behov for ekstra BADEVAKTER akkurat no for å kunne oppretthalde det fantastiske tilbodet vi yter til alle i Førde og kommunane rundt. (vi treng og billettvakter). Her er ope frå morgon til kveld alle dagar i tillegg til helger. Bassenget er kun drifta på innsats frå frivillige, så vi treng derfor fleire som er villige til å være med.Er det nokon her som har lyst å ofre ca 3 timar i veka?

Vi er veldig fleksible, om ein vil ha ein fast dag eller tid kan ein få det, eller om ein vil stå på tilkalling og ta når det passar er det også greitt. Dagtid, eller kveldstid, kvardag eller helg.Til gjengjeld får ein bade fritt i det deilige oppvarma bassenget så mykje ein vil og ta med ein person og bade GRATIS .

Er dette noko som kan passe for nokon her, eller kjenner du nokon som er heime på dagtid og har lyst/trenger å komme seg ut litt, så vil det være vinn-vinn både for den som blir med i dugnadsgjengen og for oss i terapibassenget. Ta kontakt med Gina i terapibassenget på tlf: 902 44 475 om dette kan være interessant;)

Åpne dagar

Fredag 16. mars 2018 10:00 – 13:30
Laurdag 17. mars 2018 12:00 – 18:00
Søndag 18. mars 2018 12:00 – 18:00
Mandag 19. mars 2018 10:00 – 10:30

Stengde dagar

Skjærtorsdag 29. mars 2018
Langfredag 30. mars 2018
Påskeaften 31. mars 2018
1. Påskedag 1. april 2018
2. Påskedag 2. april 2018

BILLETT PÅ NETT

 

I løpet av 2019 vil vi opne for bestilling av billettar på nett.
Billetten vil gjelde for inntil 1 time pr. dag.  Dette gjeld også klippekort og årskort.

Babyar og små barn må bruke badebleier. Desse får du kjøpt i resepsjonen.

Grupper kan leige heile bassenget til avtale tider. Bassenget er difor ikkje samanhengande ope for publikum alle dagar.
Grupper kan bestille på kort varsel. Heimeside og oppslag på døra vert oppdatert etterkvart.
Du kan og ringe  Førde Terapibasseng tlf. 40 03 06 63 (i opningstida)