Førde Terapibasseng vart offisielt åpna 17.januar i 2005. Lenge før den tid, i 2001 gjekk Førde og omegn revmatikarlag i bresjen som søkarorganisajon for å samle inn midlar til det som skulle bli eit Terapibasseng. Tiltaket var tiltenkt revmatikarar, men også andre grupper innan helsefremjande tiltak.
Saman med Førde og Omegn Revmatikarlag var også Førde Røde Kors, Førde Helselag, LHL avd. Førde og Førde Pensjonislag med, der det vart oppretta ei økonominemnd som skulle ta seg av innsamling av midlar.
Dei fekk ei stor tildeling på 2 millionar kronar og vart med det eit viktig moment for å realisere Terapibasseng i Førde.
Førde Terapibasseng vart kostnadsrekna til 12,7 millionar kroner. Av dette blei 8 millionar kroner samla inn. Resten var støtte frå Førde Kommune, gåver og andre.
Førde Terapibasseng er drifta på frivillig arbeid. Heilt i frå oppstarten i 2005 til i dag driftar ein bassenget med frivillige billett og badevakter.
Alle målgrupper nyttar i dag Terapibassenget. Personar med nedsatt funksjonsevne, revmatiske plager eller andre med helseutfordringar, babysvømming, barnehagar og skular, fysioterapi og anna. Førde Terapibasseng egnar seg veldig godt for familiebading.
Førde Terapibasseng tilbyr eit samfunnsnyttig tilbod til alle som har eit behov for å bruke varmt vatn til førebygging av skadar og plagar. I Terapibassenget møter ein kjekke billett og badevakter som gjer alt for at du skal ha det bra.
Me har mange me kan takke for at Førde har ein så rik og meiningsfull arena som Terapibassenget. Å bruke varmt vatn til førebygging av skader, muskelsjukdomar eller andre plager har dokumentert effekt og er ei viktig kjelde for å halde seg frisk og rask.
Me ynskjer deg hjarteleg velkommen til oss i Førde Terapibasseng!
Vi treng fleire bade- og billettvakter.
Badevaktene får kurs i livredning før oppstart, med årlig oppdatering.
Billettvaktene får opplæring gjennom å praktisere saman med ein med erfaring.
Bli med på det frivillige arbeidet i Terapibassenget!
Du møter hyggelige kollegaer og ikkje minst mange fornøgde badegjestar. Du får og gratis tilgang til Terapibassenget.
For meir informasjon – ta kontakt med oss i resepsjonen el.ring
400 30 663 (i opningstida) el. Dagleg leiar, tlf. 902 44 475.
Eller bruk vårt kontaktskjema ved å klikke her.
Førde Terapibasseng er ei stifting. Styret ser slik ut:
Leiar: Astrid Juklestad, Førde Helselag
Nestleiar: Monrad Kolstad, Førde Pensjonistlag
Styremedlem: Kjell Bolsø, LHL, avd. Førde
Styremedlem: Gunn Tverlid, Førde og Omegn Revmatiker lag