OM TERAPIBASSENGET
VÅR HISTORIE
Førde Terapibasseng vart offisielt åpna 17.januar i 2005.
Lenge før den tid, i 2001 gjekk Førde og omegn revmatikarlag i bresjen som søkarorganisajon for å samle inn midlar til det som skulle bli eit Terapibasseng. Tiltaket var tiltenkt revmatikarar, men også andre grupper innan helsefremjande tiltak.
Saman med Førde og Omegn Revmatikarlag var også Førde Røde Kors, Førde Helselag, LHL avd. Førde og Førde Pensjonislag med, der det vart oppretta ei økonominemnd som skulle ta seg av innsamling av midlar. Dei fekk ei stor tildeling på 2 millionar kronar og vart med det eit viktig moment for å realisere Terapibasseng i Førde.
Førde Terapibasseng vart kostnadsrekna til 12,7 millionar kroner. Av dette blei 8 millionar kroner samla inn. Resten var støtte frå Førde Kommune, gåver og andre. Førde Terapibasseng i dag er drifta på frivillig arbeid. Heilt i frå oppstarten i 2005 til i dag driftar ein bassenget med frivillige billett og badevakter.
Alle målgrupper nyttar i dag Terapibassenget. Personar med nedsatt funksjonsevne, revmatiske plager eller andre med helseutfordringar, babysvømming, barnehagar og skular, fysioterapi og anna. Førde Terapibasseng egnar seg veldig godt for familiebading.
Badevaktene får kurs i livredning før oppstart, med årlig oppdatering. Billettvaktene får opplæring gjennom å praktisere saman med ein med erfaring.
Du møter hyggelige kollegaer og ikkje minst mange fornøgde badegjestar. Du får og gratis tilgang til Terapibassenget. Ta gjerne kontakt for meir informasjon
Telefon: 400 30 663 (i opningstida)
Dagleg leiar, tlf. 902 44 475.
Eller bruk vårt kontaktskjema som du finn under "Kontakt".
Terapibassenget er ei stifting
her er det valgte Styret hos oss
Leiar: Astrid Juklestad, Førde Helselag
Nestleiar: Monrad Kolstad, Førde Pensjonistlag
Styremedlem: Kjell Bolsø, LHL, avd. Førde
Styremedlem: Gunn Tverlid, Førde og Omegn Revmatiker lag