Frivillig badevakt?

Arbeide som badevakt?

Vi i Terapibassenget har eit stort behov for ekstra BADEVAKTER akkurat no for å kunne oppretthalde det fantastiske tilbodet vi yter til alle i Førde og kommunane rundt. (vi treng og billettvakter). Her er ope frå morgon til kveld alle dagar i tillegg til helger. Bassenget er kun drifta på innsats frå frivillige, så vi treng derfor fleire som er villige til å være med.Er det nokon her som har lyst å ofre ca 3 timar i veka?

Vi er veldig fleksible, om ein vil ha ein fast dag eller tid kan ein få det, eller om ein vil stå på tilkalling og ta når det passar er det også greitt. Dagtid, eller kveldstid, kvardag eller helg.Til gjengjeld får ein bade fritt i det deilige oppvarma bassenget så mykje ein vil og ta med ein person og bade GRATIS .

Er dette noko som kan passe for nokon her, eller kjenner du nokon som er heime på dagtid og har lyst/trenger å komme seg ut litt, så vil det være vinn-vinn både for den som blir med i dugnadsgjengen og for oss i terapibassenget. Ta kontakt med Gina i terapibassenget på tlf: 902 44 475 om dette kan være interessant;)